Tønner

 

TønnestorleikarTønner er hovudproduktet vårt som vert mykje brukt i fiskeindustrien.

På Tønnegarden blir det produsert tretønner i fire storleikar. Heiltønne, halvtønne, fjerding og åttring.

Samanlikning av storleik
Storleik Volum Høgd Diameter (i topp)
Heiltønne 115 liter 75cm 45cm
Halvtønne
60 liter 60cm 37cm
Fjerding
30 liter 48cm 30cm
Åttring
15 liter 38cm 24cm
Anna behandling/modeller
Tønnene kan flammebehandlast, lakkerast, m.m. mot eit tillegg i pris.
Andre spesialtønner, be om pristilbod.

 

Kategori:

Produktbeskrivelse

Det har frå gamalt av vorte salta sild i tønner. No går det meste av tønnene til fiskebruka langs kysten for å salte torskerogn til kaviarproduksjonen, men det går òg til salting av kjøtt og fisk.

Tønna vert ikkje lenger berre nytta til tradisjonelt bruk. Idag er det mange som vil ha tønner heime eller i eit maritimt miljø, både som innreiing og praktisk bruk. Eksempel her er til dømes til å samle regnvatn eller til oppbevaring.

Tønnene våre har ulik storleik, som du kan sjå på biletet. I motsetning til kva ein kanskje trur er ikkje ei halvtønne ei tønne som er kappa i to, men den har omlag halve volumet av ei heiltønne. Vidare er det fjerding (1/4) og åttring (1/8)

Vanleg eller spesialtørka?
Skal tønna nyttast inne i eit varmt hus vil den vanleg tørka tønna «gisne» og banda kan falle av. Skal tønna derimot nyttast i eit fuktigare miljø passar det med ei tønne som ikkje er tørka noko ekstra. Derfor er det lurt å seie kva den skal nyttast til når du bestiller.
Spesialtørka tønner bør ikkje nyttast til oppbevaring av væsker.

Prisar

Pristabell
Type vanleg tørka *spesialtørka tillegg for flammebehandling tillegg for lakkering tillegg for beising/maling
Heiltønne
875kr 950kr 150kr 250kr 280kr
Halvtønne
775kr 850kr 125kr 200kr 250kr
Fjerding
675kr 750kr 100kr 150kr 200kr
Åttring
650kr 700kr 75kr 125kr 175kr
 * Klikk på tekst med stjerne for å vise informasjon