Bløytelefser og rauddravle er tradisjonell mat her i distriktet. Lefsene vert kjevla tynne, steikt på takke og oppbevart tørre. Når dei skal etast vert dei bløytt i vatn og smurd med smørkrem eller anna.
Rauddravlen er Fusa sin eigen og er utruleg god. Den skal vere «slett», altså utan klumpar. Den er ganske søt og vert servert kald. Oppskriftene rundt om kan variere, men hos oss vert det brukt ei gamal oppskrift her frå området. Mjølka kjem frå våre eigne kyr som gir oss god mjølk til dette og anna mat.
Kjem du til Tønnegarden kan du gjerne få servert mat frå utvalet av tradisjonsrettar.