Tønnegarden er eit èconomusèe og visningssenter. Møt inspirerte handverkarar som brenn for tradisjonshandverk. Som besøkjande får du lære om faget og oppleve produksjonen, sjå ei tønne vert til! Me ynskjer å vise deg tønna si historie, samtidig som du får ei unik oppleving.
Alle sansar kan tas i bruk ved eit besøk hos oss, det dufter herleg av tre, strukturen i treverket er godt å kjenne på, du kan høyre dikselen slå, du får sjå det brenn livleg i trespon som varmer opp tønna. I gardsbutikken er sjansen stor for at også smakssansane får ei god oppleving.
Tønner er å få kjøpt i vår butikk, me har tønner i ulike storleikar, stampar, tønnestolar, og andre produkt for sal. Det kan vere noko leveringstid på tønneprodukta.
Sjå ei tønne vert til- frå stav til tønne med historie.
Me har plass til mange, men er gruppa stor (over 25) anbefaler me å dele i to grupper for best mogleg oppleving
Her er mykje å sjå, sanse og oppleve både inne og ute. Det er flotte turmuligheter i området med skogen like utanfor døra. På sommarhalvåret har me dyra ute. Inne har me butikk, utstillingar, bilder, historie, og visningsvindu til produksjonsverkstaden.