Loading...
Omvisning 2018-05-22T21:30:34+00:00

Handverkar i arbeid

Tønnegarden er eit economuseum og visningssenter. Me kan tilby omvisning der ein kan sjå når ei tønne vert til. I lokala våre heng det plakatar og bilete som viser tønna si historie, og historia til tønneproduksjonen her på garden og ellers i bygda.

Me har òg tønner, stampar, tønnestolar, og andre produkt for sal. Det er ikkje alltid me har varene på lager, men det går an å bestille og få det sendt.

Me kan òg servera mat til grupper som kjem til Tønnegarden for ei omvisning.

Prisar

Omvisning

Omvisning i tønneproduksjonen, der ein kan få sjå korleis ei tønne vert til kostar kr 1500 for ei gruppe.

Omvisning må avtalast på førehand.
For grupper under 12 personer, kan me tilby ei enklere omvisning til kr 100,- pr person.

Lunsj

Lunsjmeny
Lunsjbord med eit utvalg pålegg og salater, heimebakt brød og smør
kr 249,- pr person
Betasuppe med heimebakt brød og smør
kr 195,- pr person
Rømmegrøt med flatbrød og spekemat
kr 275,- pr person
Påsmurt brød eller rundstykker
kr 150,- pr person