Loading...
Bondegarden 2018-08-18T16:10:23+00:00

På Tønnegarden driv me òg med kortreist mat i form av mjølk- og kjøttproduksjon. Av mjølka lagar me mellom anna rauddravle og lefser. Kjøtet av Vestlandsk fjordfe brukar me i kjøttkaker og kjøttdeig. Sjå våre produkter i vår gardsbutikk her.

Vestlandsk Fjordfe er ein gamal storferase som har vore utrydningstrua, men som no har fått ny renessanse på grunn av det smakfulle kjøtet, og at nokon har sett verdien av å ta vare på dei gamle rasane.

Me fokuserer på at dyra våre har det godt for å få best mogeleg kvalitet. På sommaren får dei gå ute i det fri. Frisk luft og mykje godt gras, gir god mjølk og smakfullt kjøt.

 

Når kyrne våre nett har fått kalv, får me råmjølk. Noko av denne mjølka brukar me til å lage råmjølkspudding, kjeks og mjølkekaker.