Handverkar i arbeid

Tønnegarden er eit economuseum og visningssenter. Me kan tilby omvisning der ein kan sjå når ei tønne vert til. I lokala våre heng det plakatar og bilete som viser tønna si historie, og historia til tønneproduksjonen her på garden og ellers i bygda.

Me har òg tønner, stampar, tønnestolar, og andre produkt for sal. Det er ikkje alltid me har varene på lager, men det går an å bestille og få det sendt.

Me kan òg servera mat til grupper som kjem til Tønnegarden for ei omvisning.

Prisar

Omvisning

Omvisning i tønneproduksjonen, der ein kan få sjå korleis ei tønne vert til kostar kr 1500 for ei gruppe.

Omvisning må avtalast på førehand.
For grupper under 12 personer, kan me tilby ei enklere omvisning til kr 100,- pr person.

Lunsj

Alternativ 1.

Lunsjbord med steinomnsbakt brød frå Tønnegarden og med heimelaga påleggsortar som kan vere aspic med reker og egg, aspic med skinke og asparges, heimelaga italiensk salat, og elles anna godt pålegg og smør. Kaffi eller te til drikke.

Prisar
12 – 19 personar
kr 260,- pr person
20 og oppover
kr 235,- pr person
For grupper under 12 personar må ein betale for 12.

Alternativ 2.

Betasuppe m/ steinomnsbakt brød og smør. vatn til drikke

Prisar
12 – 19 personar
kr 275,- pr person
20 og oppover
kr 250,- pr person
For grupper under 12 personar må ein betale for 12.

Alternativ 3.

Rømmegrøt m/flatbrød og spekemat

Prisar
12 – 19 personar
kr 375,- pr person
20 og oppover
kr 350,- pr person
For grupper under 12 personar må ein betale for 12.

Alternativ 4.

Påsmurt steinomnsbakt brød eller rundstykker og kaffi/te

Prisar
frå 1 person og oppover
kr 150,- pr person