Stampar

Stampar er ypparlege til å plante i eller bruke til oppbevaring.
Stampar kan fåast både med og utan hank. Som heiltønna finst stampen i forskjellige storleikar.

TønnestorleikarPå Tønnegarden blir det produsert stampar av tretønner i fire storleikar. Heiltønne, halvtønne, fjerding og åttring.

Anna behandling/modeller
Tønnene kan flammebehandlast, lakkerast, m.m. mot eit tillegg i pris.
Andre spesialtønner, be om pristilbod.

 

Kategori:

Product Description

Det har frå gamalt av vorte salta sild i tønner. No går det meste av tønnene til fiskebruka langs kysten for å salte torskerogn til kaviarproduksjonen, men det går òg til salting av kjøtt og fisk.

Tønna vert ikkje lenger berre nytta til tradisjonelt bruk. Idag er det mange som vil ha tønner heime eller i eit maritimt miljø, både som innreiing og praktisk bruk. Eksempel her er til dømes til å samle regnvatn eller til oppbevaring.

Tønnene våre har ulik storleik, som du kan sjå på biletet. I motsetning til kva ein kanskje trur er ikkje ei halvtønne ei tønne som er kappa i to, men den har omlag halve volumet av ei heiltønne. Vidare er det fjerding (1/4) og åttring (1/8)

Vanleg eller spesialtørka?
Skal tønna nyttast inne i eit varmt hus vil den vanleg tørka tønna «gisne» og banda kan falle av. Skal tønna derimot nyttast i eit fuktigare miljø passar det med ei tønne som ikkje er tørka noko ekstra. Derfor er det lurt å seie kva den skal nyttast til når du bestiller.
Spesialtørka tønner bør ikkje nyttast til oppbevaring av væsker.

Prisar

Type vanleg tørka *spesialtørka tillegg for flammebehandling tillegg for lakkering tillegg for beising/maling
Heiltønnestamp m/hank
550kr 600kr 100kr 150kr 200kr
Heiltønnestamp u/hank
480kr 550kr 100kr 150kr 200kr
Halvtønnestamp m/hank
475kr 525kr 100kr 150kr 200kr
Halvtønnestamp u/hank
425kr 475kr 100kr 150kr 200kr
Fjerdingstamp m/hank
425kr 475kr 75kr 100kr 175kr
Fjerdingstamp u/hank
375kr 425kr 75kr 100kr 175kr
Åttringstamp m/hank
375kr 400kr 75kr 100kr 150kr
Åttringstamp u/hank
350kr 375kr 75kr 100kr 150kr
 * Klikk på tekst med stjerne for å vise informasjon