Tønnegarden er eit lite familiedrive gardsbruk på Indre Samnøy i Fusa kommune. I tillegg til gardsdrift med mjølkekyr, har me drive med tretønneproduksjon i mange generasjonar.

Tidligare vart det laga tønner i nesten kvart naust og på kvar gard, men no er det få stader att der det vert produsert tretønner. Dette har me teke tak i og ynskjer med Tønnegarden Économusée å vise det gamle handverket til nye generasjonar, samtidig som me held i hevd ein produksjon med både dei tradisjonelle saltetønnene og nye modellar til andre bruksområder.

Desember 2012 stod eit nytt bygg klart på gardsplassen. Her er det ein større verkstad med mykje betre tilhøve for produksjon og omvisning enn i det gamle bygget. Her er det òg komme på plass eit kjøkken og lokale for møter eller fest og ein stor steinomn der det blir baka brød og bollar kvar fredag. Brøda blir levert til den lokale nærbutikken og Tønnekafèen AS i Eikelandsosen. Det går òg an å få kjøpt på Tønnegarden.

Det er ikkje berre brød som vert produsert på Tønnegarden. Me ynskjer å satse på tradisjonsmat, og i særleg grad lokal tradisjonsmat. Les meir om matproduksjonen her.

Hos oss kan du kjøpe brød, feire ein stor dag og sjå korleis det gamle bøkkerfaget vert praktisert både med gamalt og moderne verktøy. Du vil òg finne mykje historie om tønna, både lokal og meir generelt. Me tek gjerne imot grupper for omvisning etter avtale.