På Tønnegarden bakar me lefser, flatbrød og anna for sal.

Lefsene er tradisjonelle her frå distriktet. Dei vert kjevla tynne og steikt på takke. Dei vert oppbevart tørre, og blir bløytte med vatn før ein smører dei med smørkrem eller anna. Desse lefsene er òg gode som «frukostlefser» med det pålegget ein gjerne likar. Tradisjonen her er å ha slike på juledagsmorgon til frukost. Det er litt sukker i deigen, så her skil dei seg frå dei tradisjonelle krotakakene som vert laga utan søtningsmiddel.

Flatbrød vert og kjevla tynne  og steikte på takke.

 

I Fusa har me vår eigen rauddravle. Smak og behag, seies det, men Fusadravlen er utruleg god. Den skal vere «slett» det vil seie utan klumpar. Og den skal vere ganske søt og serverast kald. Dravlen vår vert laga av mjølk som er kokt i fleire timar og så vert han » blengt» med ei blanding av sukker, egg, rømme og/eller fløyte. Oppskriftene her kan variera litt, men på Tønnegarden nyttar me ei gammal oppskrift her frå området.

Kjem du til Tønnegarden kan du og få servert tradisjonsmat. Når det er tilstelningar her, serverar me gjerne ein buffet med mykje godt pålegg til nysteikt brød frå steinomnen. Me kan òg laga betasuppe med flatbrød eller brød til. Og har du lyst på rømmegraut, kan me ordna det. Eller du kan ha andre ynskje.

På garden har me kyr som kalvar og som gir oss god råmjølk. Den prøver me å nytta både til råmjølkspudding og i bakverk som jødekaker. Råmjølka er svært proteinrik.