Me har vår eigen steinomn på Tønnegarden. I den blir det baka brød for sal ein gong i veka.

Omnen er murt av Erlend og Håvard Gjerjordet frå Telemark. Den er godt isolert med mykje sand i magasinet. Det er ein stor produksjonsomn med plass for ca 40 brød om gangen. Og me kan fylla omnen fleire ganger på samme fyringa.

Det blir gode brød baka i denne omnen og me får stadig gode tilbakemeldingar. Brøda våre er baka med lite gjær og lang hevetid. I tillegg til dei vanlige mjølsortane nyttar me òg gamle kornslag som emmer, svedjerug og spelt som me kverner sjølv.

Steinomnen er òg fin til å bake pizza i. Det tek ikkje mange minutt å steike pizzaen, og ein kan velje fyll etter smak.

Me tar gjerne imot grupper for pizzasteiking etter avtale.